Christina Peel

MINDRE ENN 0,002 MM, Samtidskeramikk på kornet, gruppeutstilling, Hå gamle prestegård 05.06.21-05.09.21

Blog, Uncategorized

No Comments


Share this post

Eyvind Solli Andreassen, Heidi Bjørgan, Jens Erland, Eirik Gjedrem, Eli Glader, Cecilie Haaland, Helen Birgitte Hausland, Berenice Hernández,  Hanne Heuch, Moa Håkansson, Trine Hovden, Nils Martin, Bjørn Mortensen, Irene Nordli, Christina Peel, Tovelise Røkke-Olsen, Andrea Scholze, Lillian Tørlen

Kva potensiale har leira? Kva er mogleg å få til med leire? Kor langt kan me trekke og stekke dette materialet? Kva er mogleg å uttrykke med en leirklump som utgangspunkt? Finnes det grenser og kvar er  i så fall desse?  

Utstillinga MINDRE ENN 0,002 MM presenterer verk av 17 kunstnarar som alle utforskar leira på ulikt vis.

Utstillingstittelen syner til definisjonen av leire som «finkornet jord med en kornstørrelse på mindre enn 0,002 mm.» .

Tittelen opnar for eit vidt spenn av uttrykk og eksperimentering, men avgrensar samstundes  materialbruken til leire. Kunstnarane blir utfordra til å undersøkje potensialet i leira heilt ned til det minste sandkornet.  

Verka i utstillinga spenner mellom bruk av tradisjonelle materiale og teknikkar, arbeid i stor skala, fordjuping i små format og interesse for natur og naturfenomen. I tillegg er det somme av kunstnarane som tek opp tema kring miljø- og klimaproblematikk, somme nyttar humor som verkemiddel, somme arbeider stadsspesifikt og somme nyttar leira som (tilsynelatande) underorda konseptet.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.Legg til hendinga i din kalender


0 Responses to this post
Add your comment